StĂžlsliv
NÄr vinteren var over og skula var slutt, sÄ var det neste me sÄg fram til Ä flÞtta pÄ stÞlen. Skula var slutt sist i mai i min barndom. For 60-70 Är sea var det framleis slik at skuleÄret mÄtte ordne seg etter arbeidslivet i bygda.
av JĂžrgen Holm
Me flutte pÄ stÞlen kring 20. juni. Det var vÊret som avgjorde bufarstide, var det tidleg vÄr og varmt vÊr kunne me reise til fjells fÞr 20. juni. Var det kjÞlegt vÊr hendte det at me ikkje kom i veg fÞr st.hansdagen, men dÄ mÄtte det skje, bÄde folk og fe lengta te fjells.
Â
Fyri pÄ StÞlen
Om det var to generasjona i vaksen alder, var det slik at ungdomen reiste fyri pÄ stÞlen. Det Ä hadde vÞrte so vaksen at ein fekk reise fyri pÄ stÞlen, var noko ekstra, men dei mÄtte bÄde kunne mjÞlke, separere mjÞlke, ta vare pÄ flÞyta ette separeringa og kinne smÞr. MjÞlka skulde kokast til ost og dette arbeide mÄtte gjerast skikkeleg sÄ osten ikkje vart Þydelagt og primen (brunosten) ikkje vart sanden. Men dette arbeide sette dei unge all si Êre i, og nÄde dei om noko gjekk gale.
Det var mykje ungdom pÄ alle stÞla denne fyste veka i fjellet, og alle fÞlte seg frie og glade. Det vart dansa og alle mora seg, det var sang og latter pÄ alle stÞlsvolla, dei hadde ingen gamlinga te Ä dempa humÞret. Ungguten som hadde ei jente han tykte veldi godt om, kunne gÄ lange strekningen over fjell og myr for Ä treffe henne. Var jenta ekstra vakker so var det ofte fleire pÄ same stigen og dÄ vert det ikkje sÄ sjelda nevekamp, men det var slettes ikkje slik at den sterkaste alltid fekk jenta. Men sjÞl om ungdomen sang, nokon let pÄ munnspel og andre pÄ toraderen, sÄ var det naturens orgelverk som dominerte. Fuglane sang, gauken gol og jenta glei viljugt inn i unggutens armar, dÄ banka hjarta fortare enn fort.
Dei gamle som var atte heime pÄ garden, hadde sikkert godt av Ä vÊra Äleine nokon daga i denne tida. Det var ofte trangt i dei gamle hallingstugune, folk budde tett innpÄ kvarandre heile vinteren og dÄ hadde alle godt av Ä vÊra litt for seg sjÞlve.
Bufarsdagen
Denne dagen var ein hÞgtidsdag. NÄr varmen kom for fullt, flugo og kleggen plaga kyrne sÄ dei berre sprang og slo med rova og rauta og bar seg, dÄ vart flÞttedagen fort bestemt.
DĂ„ vart det travelt for alvor og for alle. Ho mor mĂ„tte passe pĂ„ Ă„ fĂ„ med alt av bĂ„de klĂŠr, sko og andre ting til fire-fem ungar og dei vaksne. Alt mĂ„tte pakkast og stĂ„ klart i gangen kvelden fĂžr dagn. Det var ingen som reiste fyre pĂ„ stĂžlen hjĂ„ uss. Ho mor hadde mange vaktarkyr (det var kyr for andre ho vakta om sommaren igjennom), og ho vilde sjĂžlv vara klar pĂ„ stĂžlen og ta imot desse framande kyrne, ho vilde sjĂžlv strĂžke handa si over ryggen pĂ„ kvart enkelt dyr og ynskje dei velkomne til stĂžls. Me vart alle tile oppe bufarsdagen, og kvar og ein mĂ„tte hjelpe til. Lasset pĂ„ hestevĂžgne mĂ„tte lessast ferdig fĂžr kyrne slapp utor fjĂžrset. Det var han far som lesste pĂ„ vĂžgne, det mĂ„tte gjerast tĂ„ ei Ăžvd hand so alt lĂ„g trygt og ikkje ramla av pĂ„ ein kronglute stĂžlsveg.Â
BjÞlla vart sett pÄ kyrne og dÄ visste bÄde ho Kranselin og Gulldokka kva dette betydde. Blakken vart sett for vÞgne og me ungane var kledde for turen til stÞls, me gutane hadde ein bjÞrkepÄk i neven, den slo me i bakken med for Ä fÄ fart pÄ ein kalv eller kvige som vart hengande etter. Grinde vart opna og sÄ bar det i veg, dÄ var det ingen som kunne snu, for no gjekk det fort, kyrne pressa pÄ og Blakken med lasset mÄtte skritte kraftig ut. Det var den fyrste halve km som alt gjekk sÄ fort. Graset i vegakanten vart for fristande for kyrne so dei mÄtte smake pÄ denne saftige gode maten og dÄ roa det seg ned til ein rolig gange. Han Harald som var den som helt stÞrst fart og gjekk stort sett pÄ femte gir, hadde ei bukse som mor hadde sydd tÄ eit gamalt stakketÞy, dette var laust og morkent so knappane sat dÄrleg og knapp for knapp forsvant, tilslutt heldt han pÄ Ä miste buksa. DÄ ropa Harald "no kan ikkji e jaga mair for nÄ har e nok med Ä halde oppe brokji mi". Me reiste heile Rukkedalen opp til Rukke og viare om Jordeslie til NystÞlen. Dette var ein lang bufarsveg, so me var veldig glade dÄ med var framme pÄ NystÞlen og veldig trÞtte.
Vaktarkyrne kjem
Andre og tredje dagen me var pĂ„ StĂžlen, dĂ„ kom vaktarkyrne. Ho Kari og han Johan kom, me hĂžyrde den kjende RukkebjĂžlla pĂ„ lang veg, det var ho Kransekoll som bar bjĂžlla og kom fyrst, dei andre kyrne kom pĂ„ rad og rekke. Neste dag kom ho Margit og han Lars, den kvitdroplette kyre, ho Sommargo bar bjĂžlla og var like stolt som fĂžr. DĂ„ kyrne mĂžttes, so mĂ„tte dei finne ut kem som var sterkast og det vart dĂ„ eit krafttak, den sterkaste var sjefen. NĂ„r denne rangeringa var over, vart det som regel ro i flokken.Â
Kyrne vart sett i fjÞset, dei gamle fann som regel bÄsen sin frÄ i fjor. Ungdyra mÄtte leiast pÄ bÄs, men alt gjekk vanlegvis greit.
Men nĂ„ var alvoret komme til alle. Kyrne skulde mjĂžlkast og alle mĂ„tte vĂŠre med, heilt ned i 8-10 Ă„rs alderen mĂ„tte me delta i mjĂžlkinga. Det var veldig slitsomt syntes eg. NĂ„r mjĂžlkinga var undagjort, so var det inn i stĂžlsbue og sette i gang med separering. Dette arbeide pĂ„gjekk lenge utover kvelden, me sveiva separatoren etter tur, ho mor tok seg av den separerte mjĂžlka og flĂžyta. Det var veldig godt Ă„ koma til sengs om kvelden, om smĂ„trosten sang aldri sĂ„ fing og gauken gol pĂ„ harde livet, me hĂžyrde det ikkje, svevnen tok oss fort inn i draumeland, etter ein slik arbeidssam dag.Â
Morgonen kom so altfor fort, det kunne vĂŠre godt Ă„ fĂ„ sova lengre, men nei, klukka seks, seinast sju mĂ„tte me opp. Det var ein ny dag, kyrne mĂ„tte mjĂžlkast og so mĂ„tte dei ut pĂ„ beite. MjĂžlka skulde separerast og ostekokingji koma i gang. Det tok mange tima med primkoking, dette mĂ„tte vĂŠre ferdig til kyrne kom attende mot kveld. Ved mĂ„tte bĂŠrast inn til bĂ„de primkoking og matlaging. Vatten mĂ„tte bĂŠrast inn fra bekken, gjaldt det vatn til Ă„ vaske smĂžret i, mĂ„tte det hentas fra smĂžrvassĂžlda, det var ei oppkomme lengre nede, med krystallklĂ„rt vatten. FjĂžset skulde og reingjerast og golvet skulde sopast og fjĂžset skulde helst stĂ„ i gjennomtrekk for Ă„ fĂ„ inn frisk luft.Â
Det var han far som henta den grove veden og kÞyrde den fram med hest, men kvar einaste dag drog me ungane kvist frÄ skogen. Kvist var ekstra god under primkjelen, sÊrlig brann brisken godt.
Det va travle daga, men vist alle sto pĂ„ og deltok i arbeide sĂ„ vart det og ei tid midt pĂ„ dagen til leik og moro. Me for rundt pĂ„ Kulusetberget, NystĂžlberget og Bolleberget som jaktmenn og krigera. Me utforska terrenget pĂ„ leiting etter reir. Trostereir var det over alt. Storfuglreir fant me under store kvistegraner og rypa hadde ofte reir i brisk og vierkratt. Men sjĂžl om me hadde eit par tima med leik og moro so lĂ„g alvoret bak. Me mĂ„tte og lytte etter kyrbjĂžlla, so me visste kor dyra gjekk til ei kvar tid.Â
Me kjende alle bjÞllene pÄ lÄten. RukkebjÞlla og TreobjÞlla hadde kvar sin lÄt. PÄ kyrne vÄre var det to bjÞllu som var Ä merke seg. Det eine var HolmbjÞlla (som far hadde kjÞpt pÄ auksjon ette bestefar sin), denne bjÞlla hadde to lyder; slo bellen mot langsia i bjÞlla var lyden kald og hard, men slo bellen mot kortsia var det ein mjuk lyd. Den andre bjÞlla var HaugabjÞlla med sin kalde klare lÄt, den bar godt og hÞyrdes langt. Me kjende godt den djuke donk - donk lyden til TrondrudbjÞlla og RudningsbjÞlla pÄ TimremannsstÞlen med sin djupe klang.
Dagane gjekk, kyrne kom i rimelig tid heim om kvelden, mjÞlkingi og separeringi kvar kveld og morgon. Me sovna like fort kvar kveld og var like trÞyte kvar morgon. So ein dag kom han Johan med sekken pÄ ryggen for Ä hente ost og smÞr tÄ kyrne sine. Han hadde dÄ med seg ei pakke kaffe til mor og ei plate kokesjokolade som mor la pÄ Þverste hylle i mjÞlkebue. Me visste alle om det, men ingen tÞrde Ä rÞre noko. Me fekk smake godsakene, men berre nÄr alle var samla.
Uti juli var det tid for slÄtten heime og far hadde dÄ med seg ein tÄ os ungane til hjelp. Det tok vanlegvis eit par veker, dÄ vart det ekstra mykje arbeide for oss som var attende pÄ stÞlen. Tida gjekk fort og kyrne var snille og kom heim til vante tid om kvelden.
Kaffikosen
Mor hadde ikkje pÄ primkjel kvar dag og det var meire som ein fridag for henne. DÄ kunne ho ta seg ein tur til nabostÞlen, enten Kuluset eller TimremannstÞlen for Ä prate med andre stÞlskjerringer og desse kjerringane kom av og til og besÞkte mor. Dei prata og lo, drakk sterk kaffi og skrepte tÄ flÞytelappane og gommosnippane, roste kaffien og hadde det trivelig. Dette synes me ungane det var veldig moro Ä hÞyre pÄ.
Det haustas
August kom, far var ferdig med slÄtten heime og no sto slÄtten pÄ stÞlen for tur. Kyrne var tyngre og seinare for kvar dag, og dagane vart kortare og kortare. Kyrne kom ikkje fÞr i skrÄmingi (skumringen) om kvelden, det vart mÞrkt dÄ me dreiv med mjÞlkingi og alt vart tungvindare. Ei parafinlampe vart noko brukt, men den gav ikkje mykje lys. No mÄtte me til og passe pÄ dyre so dei ikkje la seg burte om nÄtte. Det var ikkje sÄ bra at kyrne la seg ute nÄtte over. Begynte dei fyrst med det, so heldt dei pÄ Ä legge seg borte. MjÞlka minka og det vart mindre bÄde smÞr og ost og mindre pengar til sko og klÊr for oss ungane.
Det var berre ein ting og gjera, me mÄtte dra i veg nedover i liane tidle pÄ ettermiddagen for Ä finne dyre og fÄ dei heim til fjÞset i rimelig tid om kvelden. Men det hende nok at kyrne hadde svingt ein annan retning enn me trudde og dÄ vart det ikkje sÄ greit Ä veta om dei var lengere vest eller lengere nord, hÞgare opp eller lengere ned i lie. Me sprang og gjekk, lydd og lokka, mÞrke kom fort sist i august og det hende at me held oss i nÊrheiten tÄ ein bekk for ikkje Ä miste retningen i mÞrket. Me var ofte redde, ikkje for mÞrke, men hÞyrde me ein elg sprang so det dundra i bakken like ved, ja dÄ sto nok hjarta stille eit bel og det hende nok at me gret lite grande. Men so kunne me hÞyre ei kyr raute eller ho Kranselin rista i haugabjÞlla, dÄ steig motet og klumpen i halsen forsvann. Det gjekk som regel bra, det var ikkje sÄ langt mylja tÄrer og smil. No hadde dagane vÞrte so harde at med begynte Ä sjÄ fram til heimreisa.
Me syntes nok det var mykje arbeid og strev, men det var og mykje moro og triveleg. NÄr ho mor laga ein bolle med mjÞlkekakerÞre som me steikte heile stabelen med mjÞlkekake pÄ den store takka. MjÞlkekake med nykinna smÞr og brunost pÄ og mjÞlk som ikkje hadde gÄtt gjennom separatoren, dÄ et me so magen strutta.
Molter fann me kvar sommar og sjÞl om ho mor kokte syltetÞy av det meste, so fekk me eta molte med flÞyte og sukker pÄ og det var veldig godt.
StĂžlsvollen var slege og foet var i hus, me hadde hoppa og dansa kring forsĂ„tane og leikt gjemsel. Men nĂ„ lĂ„g foret i luo, det lukte sĂ„ godt nĂ„r me gjeng forbi luo, at me vart reing i golage. Kyrne hadde fĂ„tt koma innpĂ„ vollen og dĂ„ vart dei snillare til Ă„ koma heim om kvelden, men berre for nokre dagar, dei falt ort tilbake til gamle synder og vart like seine om kvelden.Â
Bufarsdagen og heimreisa nÊrma seg.Lauvskogen gulna borti halle og kyrne virka lite tilfredse. Graset hadde mista den gode smaken og mjÞlkje minska i kyrne, det var tid for heimreise. Mor likte godt Ä flÞtte heimat sist i veka, gjerne ein fredag, sÄ passeleg fÞr sundagen. Bufarsdagen vart bestemt fredag nermaste 10.-12. september. Eigarane av vaktarkyrne vart varsla og alle sÄg fram til denne dagen med same glÊa som dÄ me flutt pÄ stÞlen. Kyrne mÄtte passast pÄ ekstra godt, det virka som dei forsto at heimreisa nÊrma seg. Det hende at kyrne reiste heim om dei ikkje vart passe pÄ, sÊrle hvis det var dÄrleg vÊr.
Â
Heimreisa
Det var nok mykje styr dÄ me flutt pÄ stÞlen, men det var endÄ meir nÄr me skulde heimatte. Alle stÞlsvarene skulle pakkast. SmÞret var nok i smÞrbali, men osten, sÊrle primen var omhyggeleg pakka i smÞrpapir . Han far pakka ostane so fint at eg tenkte "du kunne vÞre butikkmann du". Ostane vart stabla i kasser so dei ikkje skrangla, men lÄg stÞdig. Kassene og smÞrbaline vart sett stÞdig pÄ hestevÞgne. Alt mÄtte gjerast med ei Þvd hand. Katta mÄtte ikkje bli glÞymt atte, dÄ kunne ho blia gÄande i fjellet heilt til vinteren og svelte i hjel. Var det ikkje plass pÄ vogna, vart katta bÞre pÄ ryggen. Bufarlasset var hÞgt og stort og mykje tyngre enn i vÄr, men no var det nedover bakke sÄ blakken hadde berre Ä halde i mot. Kyrne gjekk lett og raskt, ingen kalv eller kvige hengde etter. Vaktarkyrne vart levert eigaren sin og dei fekk den osten og det smÞret dei skulde ha. Ja sjÞl om ho Kranselin rauta tilfreds dÄ ho kom innpÄ tunet heime og Blakken la seg ned burtafor hagen og rulla seg fleire gonger til han rulla over rygg, so var det ei underleg kjensle. Ein sumar var over.